mandag 29. juni 2009


Samstundes på Sotra..
Håvar var visst så lei av knekkebrød med prim på at han sovna med det i handa..

Bilde frå turen...

Ser på lynet...


Ålesund!!


Ålesund...



Eg og tante på kafe i Alta





Nordkapp!




Svolvær...






På vei sørover - første gang...

Vegkryss på Ørnes...
"Pandekagemanden",ein av reiseledarane med sin heime-
laga pannekakesteikemaskin!! Fancy..


Sjefskokken Dag gjør sjøklart...



Leif-Magne!




Ligger til kai i Ålesund, og gler meg sånn til vi kjem til Bergen!! Godt det ikkje er så lenge att av denne sommarjobben... Ikkje at det ikkje er kjekt her! Men for første gang i mitt liv har eg aldeles sinnsjukt mykje heimlengsel...
Men det er fint på tur og! Har vore ein tur i Alta, og ein tur på Ørnes. Fascinarande kor folk har funne på å busetje seg! Ikkje så mange,rett nok, men vi såg både hus, folk og bilar. I dag er det som sagt Ålesund som står på lista, og vi har hatt is på kaia, og sett lyn og båtar.

torsdag 25. juni 2009

Nordkapp!











Den obligatoriske Nordkappturen er over, og eg kom ifrå den utan synlege skader. Å vere bussturist er ikkje noko eg har drømt om, men er i alle høve greit å ha opplevd. Kappa var som før, einaste skilnaden var mengda av svenske tilsette, som insisterte på å snakke tysk,uansett kor godt norsk eg snakka. Men eg fekk vaffel, bilder, og har sendt kort heim med nordkappstempel på. Midnattsola fekk vi ikkje sjå,ikkje den andre heller, for den saks skuld. Vi satt klare klokka tolv, slik vi gjorde då vi venta på Mikkel Rev. Men nei....
Og no kjøyre vi! Mot sør,sa kapteinen. Godt var det...

onsdag 24. juni 2009

På tur med m/s Gann!

Sommarjobben i år består av tre veker på Gann. Med min sjøsterke mage og evne til å setje sjøbein,er dette midt i blinken!
Vi reiste frå Stavanger fredag 19.juni. Syns jobben som sjømann passa meg bra! Det syns eg heilt til vi kom ut i Hjeltefjorden, der vi kom ut for litt bølgjer frå ein fiskebåt. Kvaaaaalm! Og det har eg vore sidan.
Bortsett frå det, er det flott å jobbe her! I går var eg i land i Reine i Lofoten, i dag i Svolvær. I skrivande stund ligg vi til kai i Sortland, for å få i land ei som har blitt sjuk.
Og sånn går no dagane! Eg jobbe, spyr, ete,og ringe heim til Roald. Innimellom treffe eg Tante Grethe, som er forpleiningssjef, men eg trur ho har ein finger med i spillet i det meste som foregår her. Ho er alltid i farta...



Tante Grethe sitte og ete...;-)


Svolvær i strålande sol!


Reine i ikkje fullt så strålande ver...