torsdag 25. juni 2009

Nordkapp!











Den obligatoriske Nordkappturen er over, og eg kom ifrå den utan synlege skader. Å vere bussturist er ikkje noko eg har drømt om, men er i alle høve greit å ha opplevd. Kappa var som før, einaste skilnaden var mengda av svenske tilsette, som insisterte på å snakke tysk,uansett kor godt norsk eg snakka. Men eg fekk vaffel, bilder, og har sendt kort heim med nordkappstempel på. Midnattsola fekk vi ikkje sjå,ikkje den andre heller, for den saks skuld. Vi satt klare klokka tolv, slik vi gjorde då vi venta på Mikkel Rev. Men nei....
Og no kjøyre vi! Mot sør,sa kapteinen. Godt var det...

Ingen kommentarer: