onsdag 24. juni 2009

På tur med m/s Gann!

Sommarjobben i år består av tre veker på Gann. Med min sjøsterke mage og evne til å setje sjøbein,er dette midt i blinken!
Vi reiste frå Stavanger fredag 19.juni. Syns jobben som sjømann passa meg bra! Det syns eg heilt til vi kom ut i Hjeltefjorden, der vi kom ut for litt bølgjer frå ein fiskebåt. Kvaaaaalm! Og det har eg vore sidan.
Bortsett frå det, er det flott å jobbe her! I går var eg i land i Reine i Lofoten, i dag i Svolvær. I skrivande stund ligg vi til kai i Sortland, for å få i land ei som har blitt sjuk.
Og sånn går no dagane! Eg jobbe, spyr, ete,og ringe heim til Roald. Innimellom treffe eg Tante Grethe, som er forpleiningssjef, men eg trur ho har ein finger med i spillet i det meste som foregår her. Ho er alltid i farta...



Tante Grethe sitte og ete...;-)


Svolvær i strålande sol!


Reine i ikkje fullt så strålande ver...







Ingen kommentarer: